Har du nokon gong mista kontrollen?

Har du nokon gong mista kontrollen?

Hilde Marie Solheim
Hilde er 23 år. Hun er mor til en jente på 1,5 år og er lærerstudent. Ved siden av jobber barne og ungdomsskole. Hun har hatt diabetes type 1 siden hun var 2 år gammel. Hun vil dele sine historier om hvordan man går gjennom et svangerskap og hvordan det er å være mor med diabetes.
Publisert første gang: 01.12.15 | Sist redigert: 18.10.18
Denne artikkelen er mer enn 2 år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon

Med diabetes kan ein vere så påpasseleg som ein vil med måling, eting og insulinsetting, men så heilt ut av det blå går ein i føling. I ettertid finn ein som regel ei forklaring. Dei kan vere mange forklaringar, og det kan derfor vere vanskeleg å alltid sette dei rette dosane med insulin.

Annonse

Føling er eit kjent fenomen for ein som har diabetes, eller for nokon som kjenner nokon med diabetes. Eg kan gi mange dømer på episodar med føling som eg har ledd av i ettertid. Dumme ting som eg har sagt og gjort når eg har hatt føling. Når det du tenker med koplar ut, og du sit igjen med det mest ulogiske som logisk – då er gode råd dyre.

Følingane har endra seg med tida. Då eg var liten fekk eg gjerne følingar då eg sov. Dette førte til at mamma og pappa truleg ikkje sov ei einaste natt igjennom frå eg var 2 til 14 år. Dei hadde alarm på kvar natt, stod opp, målte meg og gjerne gav meg noko for å få opp blodsukkeret. Oppdaga dei lavt blodsukker før eg gjekk i føling, ga dei meg berre mat medan eg sov. Havregryn med mjølk og sukker. Eg åt.

LES OGSÅ: Bussturen – historien om min første kraftige føling

Gammal dame og robot

Då eg var mellom 2 og 6 år såg eg som regel syner då blodsukkeret vart så lavt. Eg såg det same kvar gong ei nattleg føling oppstod; ei gammal dame og ein raud robot med litt gult på. Det var ikkje det verste; den gamle dama haldt meg nemleg fast, og roboten skulle mate meg.

Foreldra mine var personen som haldt meg fast, for eg var ikkje interessert i å samarbeide. Den  som ikkje haldt meg fast ga meg mat. Det hjelpe lite å halde arma og føte fast på ein person når ein må ete med munnen. Eg nekta å late opp munnen.

Annonse

De kan jo tenkje dykk scenarioet. Barnet ditt sit på fanget, du må tvihalde det fast, og tvinge i det mat medan tårene renn for det kjenner deg ikkje att. Dei gongane blodsukkeret gjekk for langt ned før alarmen peip, var ikkje kjekke for meg, men dei var like lite kjekke for mamma og pappa, kanskje til og med verre.

LES OGSÅ: Blodsukkeret er en evig frustrasjon for meg

mista kontrollen

Ein kan gjerne bli litt sint og tverr når ei føling inntreffe, og det er sjølvsagt dei nærmaste som får «lide» av det. Illustrasjonsfoto: Pexels.

Skyllebøtter og anna «oppvask»

Når eg får føling mens eg er våken, så kan eg til tider vere vanskeleg. Ein gong svigerinna mi og eg var på handletur i Bergen byrja eg å kjenne at noko var gale. «Det rykker i heile fjeset mitt!» sa eg. Og ja, det verka som eg hadde spasmar. Svigerinna mi kjøpte banan og rundstykke i ein fei. Då vi kom ut av butikken måtte eg sette meg ned for eg klarte ikkje å gå meir.

Eg hadde begynt å sjangle, og det kunne kanskje sjå ut som eg var rusa. Ho ville at eg skulle ete bananen, men den fekk ho klar beskjed om å ete sjølv. Ho åt.

Ein kan gjerne bli litt sint og tverr når ei føling inntreffe, og det er sjølvsagt dei nærmaste som får «lide» av det. Mamma, pappa, syskena mine, sambuaren min og andre som står meg nær, har fått mange skyllebøtter oppgjennom åra. Heldigvis har dei som regel skjønt at «ho har lavt blodsukker, ho må ha mat». Men det er ikkje alltid så lett.

Du kan prøve å sei til ein person med lavt blodsukker at dei må ete. Ordet «vanskeleg» er ikkje dekkande.

Mamma jobba på den  SFO’en som eg gjekk på då eg var liten. Ein morgon starta eg å klage på at det var så varmt der inne. Heldigvis var vi aleine. Mamma opna glasa og skjønte at eg truleg hadde fått føling, for det var ikkje varmt i heile tatt. Mamma hadde rett. Eg fekk mat og blodsukkeret byrja stige og eg vart mag sjølv igjen. Eg var sint på ho, for eg kunne ikkje fatte kvifor ho hadde lata opp vindauga. Det var jo iskaldt!

Vi kan le av det no, men kjenslene mine både fysisk og psykisk var heilt på bærtur. Og det var hugset óg.

LES OGSÅ: Minner fra en barndom med diabetes

Blackout – under ein føling går eg i svart

Når du har gjort noko gale, så seier du som regel unnskyld til den eller dei du har gjort det mot. Men, når ein ikkje hugsar nøyaktig kva ein har sagt eller gjort, blir ting verre. Då eg var liten fekk eg noko som likna på «blackout» då eg fekk føling. Eg hugsa ingenting av det som hadde skjedd.

Du kan tenkje deg sjølv, om nokon tar eit bind for auga dine, ber deg om å gå over ein trafikkert veg og set hørselsvern på øyra dine. Kva ville du gjort?

Alle godtar at du kjeftar eller oppfører deg som ei dritkjerring sidan du har føling. Ein føler seg dum, for alle tenkjer «meinte ho det faktisk innerst inne?». Ein vil så gjerne be om orsaking, men ein veit eigentleg ikkje heilt kva ein skal be om orsaking for. Eg viste som regel at blodsukkeret mitt hadde vore lavt, men ikkje kva som hadde skjedd då eg var lav.

Følingar variera sjølvsagt mykje frå person til person, men slik var det for meg før. Med alderen har eg lært meg sjølv å kjenne, og eg veit kva teikn eg skal passe på. Men om eg har sagt noko ufint og du tenkte «meinte ho det der?», så kan eg svare deg her og no, at nei, eg meinte det ikkje.

Eg berre låste meg på eit ord eller ein ting, og så mista eg all form for fornuft. Under ein føling går på ein måte i svart; høyre ikkje, ser ikkje og det som elles er logisk, er ikkje logisk lenger.

Du kan tenkje deg sjølv, om nokon tar eit bind for auga dine, ber deg om å gå over ein trafikkert veg og set hørselsvern på øyra dine. Kva ville du gjort? Du kan ikkje ta vekk bindet eller hørselsvernet, du må stolte på at nokon ser deg og hjelper deg over til den andre sida av vegen.

Innholdet på dette nettstedet er skrevet av og for et nordisk publikum, og kan inneholde kilder, detaljer eller informasjon som tar utgangspunkt i et annet land eller region enn ditt eget.

Annonse
0/5 0 tilbakemeldinger
Del: