Først kjem tankane, så kjem tårene!

Først kjem tankane, så kjem tårene!

Hilde Marie Solheim
Hilde er 23 år. Hun er mor til en jente på 1,5 år og er lærerstudent. Ved siden av jobber barne og ungdomsskole. Hun har hatt diabetes type 1 siden hun var 2 år gammel. Hun vil dele sine historier om hvordan man går gjennom et svangerskap og hvordan det er å være mor med diabetes.

«Eg satt i trappa og såg på den vesle lilla tråden som stakk ut av tøffelen til jenta mi, herlige land kor fasinerande den var.»

Accu-Chek Mobile - Boots

For snart 1 år sidan vart eg mamma til ein liten gut, han er frisk, aktiv og utruleg sjarmerande, men det er ikkje han eg skal fortelje dykk om. Eg skal fortelje dykk om regelen utan unntak. Når eg er gravid så reagerar kroppen min annleis på følingar enn det han gjer elles, eg merka dei ikkje på same måten. I mai i fjor var eg ca 5 månadar på veg med minstemann i huset, og no stod det eksamen for tur. Eg og den vesle familien min hadde grilla og kosa oss ute i sola, og no var det legging av jenta vår som stod på tapetet, før eg skulle byrje med lesing til eksamen. Ho ville at eg skulle legge ho, og pappaen fekk streng instruks om å vekke meg om eg sovna. Sjølvsagt sovna eg! Då sambuaren min vekte meg, gjekk eg ut av senga og sette meg i trappa. I farten tok eg med meg tøflane til jenta vår. Eg sette meg i trappa og såg på den vesle lilla tråden som stakk ut av tøffelen hennar, herlige land kor fasinerande den var. Sambuaren min skjønte fort at her har madammen lavt blodsukker. Han prøvde å få meg ned frå trappa, men eg høyrde liksom ikkje kva han sa.

Dei kjefta på meg til ingen nytte

Når sambuaren min blir bekymra for meg blir han gjerne sint og frustrert, og for å vere ærleg så har eg full forståele. Eg blir heilt korka. Ikkje vil eg høyre etter, og all sunnfornuft er som blåst vekk. Etter ei tid ringte han foreldra mine, slik at dei kunne hjelpe han. Mamma og pappa kom sjølvsagt med ein gong (slik dei alltid gjer om det er noko vi treng hjelp til). Pappa som er lik sambuaren min på sinne og frustrasjonsdelen kjefta litt på meg, noko som ikkje hjelp i det heile (men slik er det når ein er redd). Mamma bad han om å gå inn i stua, før ho sette seg ned i trappa og spurte kva eg dreiv med. Eg viste ho tøffelen. Ho spurte fint om vi ikkje skulle sette oss ned i stua og ete litt, for det var jo ikkje så kjekt å sitte i trappa. Eg røyste meg, gjekk ned i stua og begynte å ete. Etter ei lita stund var eg meg sjølv att, og då kom tankane.

Tankene tar overhånd og eg begynner å gråte

«Eg bør jo ikkje få unga, eg kan jo ikkje ta meg av dei. Tenk om dette hadde skjedd om eg var aleine». Så kom tårene. Slik er det for meg dei gongane eg får ei føling; eg hugsar kva som har hendt, men akkurat når det hender «har eg forlete bygningen». Eg legg aldri ungane mine utan å måle blodsukkeret mitt, eg køyrer aldri bil utan å måle det, og eg underviser ikkje utan å måle blodsukkeret først. Eg vil at menneska som er rundt meg skal vere trygge, spesielt ungane mine.

Det er aldri en dag uten

Denne kvelden så målte eg ikkje blodsukkeret mitt, men eg lærte av feilen min. Eg hugsa at eg tenkte at sia eg nett har ete, så treng eg ikkje måle det. Heilt feil! EG MÅ ALLTID MÅLE BLODSUKKERET MITT FØR EG SKAL GJERE NOKO som kan gjere til at eg ikkje passar på blodsukkeret sjølv 100%. Denne regelen, er regelen utan unntak. For at ungane mine, andre trafikantar, elevane mine og andre menneske skal vere trygge, så må eg det. Det er ein liten pris å betale, og den er verdt det.

Mitt viktigaste tips

Mitt viktigaste tips til deg som har diabetes er: MÅL alltid blodsukkeret før du gjer noko, ikkje tenk at du nettopp har ete eller nettopp har sjekka det. Nettopp kan vere for lenge sidan! Det er mykje som kan påverke blodsukkeret (varme, stress, lite søvn og liknande), har du blodsukkeret under kontroll er du like god på alt som alle andre! Til og med mammarolla 🙂

CGM
0/5 (0 Reviews)
Del: