Kan ein dø av å ete litt sukker?

Kan ein dø av å ete litt sukker?

Hilde Marie Solheim
Hilde er 23 år. Hun er mor til en jente på 1,5 år og er lærerstudent. Ved siden av jobber barne og ungdomsskole. Hun har hatt diabetes type 1 siden hun var 2 år gammel. Hun vil dele sine historier om hvordan man går gjennom et svangerskap og hvordan det er å være mor med diabetes.
Publisert første gang: 04.11.15 | Sist redigert: 18.03.16
Denne artikkelen er mer enn 2 år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon

«Finkleda var på, stemninga spent og alle lurte på kva vi fekk til mat, unntatt meg. Eg hadde mat med heime i frå eg, god mat, men det var ikkje det alle andre åt…»

Annonse

For 20 år sidan var det ikkje mange som hadde kunnskap om diabetes type 1 og kva ein med diabetes kunne ete, såfremt dei hadde diabetes sjølv eller nokon i nær omgangskrets som hadde det. På den tida brukte eg insulin kun om morgonen og om kvelden. Bursdagsselskap var alltid kjekt, men eg hugsar godt at eg ikkje fekk lov til å ete det same som alle dei andre.

Når ein har tatt «litt» kake utan lov, og blir oppdaga, vell då smiler ein det ein kan, og håpar på det beste

Når ein har tatt «litt» kake utan lov, og blir oppdaga, vell då smiler ein det ein kan, og håpar på det beste

Mamma var kjempeflink til å sende med mat, og vi snakka heime om kva som var ok å ete. Foreldra til bursdagsbarnet spurte alltid mamma om råd, og det gjekk nokså knirkefritt. Likevel må eg innrømme at den sjokoladekaka med lys på som alle andre fekk, den såg innmari god ut. Med tida kom det ny insulin, og eg tok sprøyte utifrå kva eg åt til akkurat det måltidet. Eg kunne ete det same som alle andre, men eg kunne ikkje ete så mykje av kaker, bollar, snop og liknande. Å ikkje skilje seg ut, å vere lik, det var viktig for meg!

Eg er utruleg heldig som har vakse opp i ein heim med foreldre og søsken som la om livet sitt for meg.

Dei godtok at når minstejenta i huset fekk diabetes, ja då betydde det omlegging av kostholdet for hele familien. Søskena mine som er eldre enn meg drakk til dømes o`boy om morgonen før skulen, det ville eg og ha. Mamma og pappa lagde derfor kakao til meg som var diabetes-vennleg, dei ville jo at vi skulle ha det likt. Denne kakaoen drikk vi den dag i dag, og den er alle sin favoritt. I heimen kan ein legge om vanar og måten ein tenkjer på mat, men ute blant folk så er forventingane om korleis ting skal vere viktige og det blir vanskelegare.

I det siste er det mange som har tatt eit bevisst val, nemleg å kutte ut sukker. Sukker er ikkje bra for oss, og vi bør ikkje ete det seie dei. Eg er ganske einig – sukker er ikkje bra for oss, men fins det ikkje ein mellomting mellom å fråtse og å nekte seg sukker? Ja, vi kan dø av å ete sukker, og kanskje vi redusera livet vårt med nokre dagar/veker/månadar/år? På den andre sida kan ein dø av å køyre bil, gå på fjellet, og generelt leve livet. Misforstå meg rett, eg syns det er kjempeflott at folk blir meir og meir beviste på kva dei puttar i munnen, og kva dei ikkje bør ete så mykje av. Likevel håpar eg at barn kan få vere barn, og kose seg i bursdagar med godteposar/kaker eller liknande.

Barna har forventingar, dei gler seg til bursdagar for då får dei kaker eller godteposar. Eg seie ikkje at vi ikkje kan bli flinkare å lage sunne alternativ i bursdagane, for det har jo vi berre godt av. MEN, det er ikkje kult å vere det barnet som alltid har med seg mat sjølv, og om er annleis enn dei andre. Ein seie det er heilt i orden, men det er vanskeleg for ein 7-åring å alltid få ein annleis godtepose enn dei andre, og alltid ha med sin eigen mat.

Annonse

Det er veldig positivt at nokre vel å tenke utanfor boksen, lage fruktspyd, smothie, sunn is og liknande. Heilt supert at nokon vel å droppe godteposen til fordel for ein formingsaktivitet, der barna lagar noko dei får med seg heim. Likevel syn eg at det er heilt ok med vanleg bursdag med sjokoladekake, is og godtepose også. Til og med når ein har diabetes.

Innholdet på dette nettstedet er skrevet av og for et nordisk publikum, og kan inneholde kilder, detaljer eller informasjon som tar utgangspunkt i et annet land eller region enn ditt eget.

Annonse
Registrer for nyhetsbrev
0/5 0 tilbakemeldinger
Del: