«Truleg ein eller anna feil på fosteret ditt»

«Truleg ein eller anna feil på fosteret ditt»

Hilde Marie Solheim
Hilde er 23 år. Hun er mor til en jente på 1,5 år og er lærerstudent. Ved siden av jobber barne og ungdomsskole. Hun har hatt diabetes type 1 siden hun var 2 år gammel. Hun vil dele sine historier om hvordan man går gjennom et svangerskap og hvordan det er å være mor med diabetes.
Publisert første gang: 13.08.13 | Sist redigert: 05.12.19
Denne artikkelen er mer enn 2 år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon

I 2011 fekk eg den beste beskjeden i verda, eg var gravid og skulle bli mamma. Kva hadde vi i vente? Eg har hatt type 1 diabetes sidan eg var 2 år, det har ikkje alltid vore ein dans på roser, men eg ser på meg sjølv som heldig. Det kunne vore mykje verre!

Annonse

25.01.11 «No viste graviditetstesten vi tok at du er gravid.» Hjartet dunka, eg vart kvalm, svimmel og overvelda på same tid. Vi skulle få oss ein baby, ojojoj!

1. kontroll hos diabeteslegen min. Legen var litt misnøgd med langtidsblodsukkeret mitt, det var litt høgt med 8,0. Eg fekk høyre om risikoane ved høgt langtidsblodsukker ved unnfangelse, men han tvilte på at det gjaldt meg. Eg brukte jo å ligge mellom 6 og 8 i langtidsblodsukker, men det var ein risiko.

07.02.11 ultralyd nr 1. Eg var kvalm av spenning. Så skummelt! Vi kunne ikkje sjå hjarteslag endå, så eg var kun nokre få veker på veg. Vi avtalte ny ultralyd ei veke seinare. Eg var litt bekymra, og redd. Tenk om noko var i vegen. Eg fekk eit fanatisk forhold til blodsukkermåling, målte fleire gonger for natta, morgonen, dagen og kvelden. I løpet av få veker var langtidsblodsukkeret perfekt.

14.02.11, alle hjerters dag… Ultralyd nummer 2. Vi vart kalla inn, legen byrja undersøkinga. Eit smil kom fram, ho sette på høgtalaren «dunk, dunk, dunk, dunk». Verdas vakraste lyd. Den kjensla. Babyen min hadde hjarteslag. «Dunk, dunk, dunk». Eg hadde time hos jordmor same dagen på Førde Sentralsjukehus. Ho tilbydde meg undersøking ved Kvinneklinikken i Bergen. Dei hadde meir avansert utstyr og kunne sjå om det var feil på hjartet, nakken, hjernen eller ryggen. Det takka eg ja til.

LES OGSÅ: Når barnet ditt får diabetes: vaner og matpakketips

Annonse

«Du hadde så høgt langtidsblodsukkert då du blei gravid»

13.03.11, vi sat i den kalde gongen på kvinneklinikken i Bergen. Eg hadde med meg mamma denne dagen, ho var like nervøs som meg. Vi blei møtt av ei trivelig kontordame, ho viste oss inn til legen. Ho prata og sa at legen kom straks. Vi venta på kontoret. Såg ulike bileter av barn på flotte takkekort. Så kom legen, presenterte seg og gjekk rett på sak: «Du hadde så høgt langtidsblodsukkert då du blei gravid, så truleg er det ein eller anna feil på fosteret ditt, så det må du førebu deg på».

Eg såg på mamma, hadde lyst å skrike. Inne i meg «budde» det eit lite menneske. Kvifor kan ikkje du vise litt varme og omtanke, tenkte eg.  Legen sat der, utan å ha tatt undersøkinga, og sa at noko var i vegen. Kjære vene, kva hadde vi i vente? Eg var vettskremt. Draumen om ein frisk og sunn baby vart lagt i grus. Draumen om å få ein baby var lagt i grus.

Ho byrja undersøkinga, sa lite og undersøkte vidare. «Her ser du nakken. Her er alt fint. Hjernen ser vi her. Ja, her er alt fint. Ryggen er slik den skal, på eit så gammalt foster». «Sjølvsagt,» tenkte eg, «det er hjartet til den vesle babyen min det er noko i vegen med». Tårene pressa på. Ho byrja å undersøke hjartet. Eg såg blåfarge og raudfarge. «Typisk,» tenkte eg. «Noko er galt». «Hmm, det var merkelig….. hjartet er heilt fint også». Skuldrane mine letta. Eg såg på mi fortvila mor som sat der, likbleik, i stolen ved sida av. ALT VAR FINT! Vel ute såg vi på kvar andre, og snakka om korleis legen hadde tatt imot meg. Mamma var like rysta som meg.

LES OGSÅ: – Det er dessverre ikke liv, sa legen. Dette skulle bli årets mørkeste dag

Fødselen kjem nærmere

Vekene gjekk, ultralyd og legebesøk kvar 14 dag på sjukehuset var ei god oppfølging. Eg gjekk og til jordmor i heimkommunen min, og til og med ho kom med gode råd med tanke på svangerskap og type 1 diabetes. I tillegg hadde eg to besøk hos augelege, ho såg etter forandringar i auga som kunne komme av svangerskapet. Du verden, alt eg ikkje var klar over at eit svangerskap kunne gjere med meg…

Skjermbilde 2013-08-13 kl. 14.30.08

Foto: Privat.

Den 28.09.11, byrja eg på første kur kl. 09.30, merka lite, så eg gjekk opp og ned trappene på sjukehuset. Opp og ned, opp og ned. Ryggen var forferdelig vond, heldigvis haldt blodsukkeret seg stabilt, så eg ikkje måtte bekymre meg for det.  Kl. 16.00, ny tablettkur. Ettermiddagen gjekk, og natta gjekk – seint. Eg målte og målte blodsukkeret, hadde ikkje tatt insulin på nesten 1 døgn.

Utover dagen den 29.09.11 byrja ting å gå fortare. Sjølv om eg ikkje hadde tatt insulin var blodsukkeret mitt blitt lavt. 3,4. Nei tenkte eg, eg må ete, det går ikkje. Både jordmor og sambuaren min prøvde det dei kunne. «Du må ete litt. Kom igjen no.» Eg kan bli litt småvanskelig når blodsukkeret blir lavt. Nektar å ete, eller seier folk kan ete maten sjølv, eller ber dei om å reise langt vekk… Eg prøvde, tygde og tygde. Klarte til slutt å få blodsukkeret over 4 slik at dei kunne starte glukose/insulin dryppet. Dei starta dryppet, og blodsukkeret stabiliserte seg. Flaks. Så byrja ting å skje fort.

Kl. 21.59 kom jenta vår til verda. 50 cm og 4290 gram.

LES OGSÅ: Graviditet og diabetes er krevende, men langt ifra umulig

Sakna informasjon frå nokon i same situasjon

Både lege og jordmor hadde forklart meg på førehand at jenta mi måtte vere på barneavdelinga til observasjon det fyrste døgnet. Passe på at blodsukkeret hennar var fint. Insulinen min kunne ha gått gjennom morkaka og til ho. Det skjønte eg då, men då eg fekk jenta mi på brystet for fyrste gong, kunne eg ha stirra meg ihel. Denne nydelige vesle jenta var vår, vår baby. Det å berre få ha ho der ei kort stund, det var forferdelig tøft.

Frå dag 1 i svangerskapet sakna eg informasjon frå nokon i same situasjon. Nokon som hadde type 1 diabetes, som kunne fortelje meg om korleis deira svangerskap var, eller hadde vore. Ikkje det medisinske, men kjenslelivet rundt det å vere gravid med type 1 diabetes. Korleis sjukehusopphaldet var, til og med tida etter. Ein har ansvar for nokon andre sitt liv, i tillegg til sitt eige. Eg har hatt mine opp og nedturar i tida etter, desse vil eg gjerne dele med dykk seinare.

I dag, 2  år seinare kan eg sjå tilbake på eit svangerskap med null problem, ingen kvalme, ikkje bekkenløysning, ikkje noko anna enn litt trøttare enn vanleg. Vi sit i dag med ei jente som snakkar som ein foss, ler og dansar.  Jenta vår er perfekt for oss, trass i at mor har type 1 diabetes og risikoen var der.

Korleis har ditt svangerskap vore?

LES OGSÅ: Det er trist å tenke på at jeg kanskje forblir barnløs fordi jeg ikke tør å bli gravid

Innholdet på dette nettstedet er skrevet av og for et nordisk publikum, og kan inneholde kilder, detaljer eller informasjon som tar utgangspunkt i et annet land eller region enn ditt eget.

Annonse
0/5 0 tilbakemeldinger
Del: